torsdag 3. september 2009

Mine tankar om nynorsk

Mine tankar om nynorsk er litt blanda. På ein måte er det bra at me lærer nynorsk utenom bokmål men på ein annan måte synest eg at me har nok med berre bokmål. I dag er det fortsatt ein liten del av Norges befolkning som har nynorsk som hovedmål, for dei som har det er det selvfølgelig veldig greit og eg forstår kvifor dei som har det ikkje vil bli kvitt det. Nynorsk er jo ein del av Norges historie og personar som Ivar Aasen har betydd mye for Norge og nynorsken. Det ville jo vært synd om me skulle kutta heilt ut nynorsk etter alt Aasen har gjort for landet vårt, for nokon betyr det faktisk ganske mye at me framleis har nynorsk i skole og kvardagen. 
Men eg har også nokon negative tankar om nynorsk, og for å vere heilt ærlig synest eg ikkje me bør ha nynorsk i skolen fordi det går utover andre fag som heller kunne vært på timeplanen. For mi eiga del er det nok med berre bokmål som språk i Norge, eg skriver berre på bokmål på skolen og det er dette språket som blir brukt i lærebøker og slikt. 
Så alt i alt er eg veldig fornøyd med korleis me har det nå til dags, bokmål og nynorsk. Dette passar bra for alle partar og det er mest positivt å ha to språk istadenfor eit.